Government of Norway

04/17/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/17/2026 05:38

Noreg får internasjonal leiarrolle i arbeidet mot tropisk avskoging

Noreg skal, saman med Brasil, leie arbeidet med det nye internasjonale fondet for regnskogen. Det vart annonsert i Washington D.C. torsdag.

- Å ta vare på regnskogen er det mest effektive klima- og naturtiltaket Noreg kan gjere internasjonalt.Noreg har unik erfaring med å jobbe med regnskog, og eg er glad for at vi, ilag med Brasil, skal leie arbeidet med det nye fondet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Lansert på klimatoppmøtet i Belém

Tropical Forest Forever Facility (TFFF) erden største satsinga for internasjonalt samarbeid om regnskog sidan Noreg lanserte si regnskogsatsing for 18 år sidan.

Fondet skal sikre finansiering til å ta vare på regnskogen i generasjonar framover. TFFF vart lansert under klimatoppmøtet COP30 i Brasil i november 2025.

Statsminister Jonas Gahr Støre annonserte eit norsk lånebidrag på inntil 30 milliardar kroner på visse vilkår, blant anna tilstrekkeleg finansiering frå andre.

- Dobbelt viktig

No får Noreg altså ei leiarrolle i det som er blitt kalla «regnskogens oljefond». Det annonserte utviklingsminister Åsmund Aukrust på et ministermøte om TFFF i samband med Verdsbankens vårmøte i Washington D.C. torsdag.

Saman med Brasil, som er initiativtakar til TFFF, skal Noreg ha rolla som styreleiar.

- Det er ein styrke at land frå ulike verdsdelar leiar fondet saman, slik Brasil og Noreg skal gjere. Å ta vare på tropisk skog er dobbelt viktig, både som klimatiltak og for å ta vare på eit uerstatteleg biologisk mangfald. Det er viktig for oss at dette arbeidet lukkast i det som elles er krevjande tider for internasjonalt samarbeid, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil også følge opp dette arbeidet under eit ministermøte for klima i Tyskland 21.-22. april, den såkalte Petersbergdialogen.

Mål om 1250 milliarder kroner

Det spesielle med TFFF er at Noreg og dei andre samarbeidslanda vil jobbe for å få private til å investere gjennom eit fond som skal gi avkasting - litt på same måte som det norske oljefondet.

Delar av denne avkastinga skal gå til land som tek vare på regnskogen sin. Fordi det er snakk om avkasting frå eit langsiktig fond, vil fondet bli uavhengig av bistandsmidlar på sikt.

Bidrag på over 65 milliardar kroner til fondet vart annonsert på COP30 frå Brasil, Indonesia, Tyskland, Frankrike og Noreg. Målet er å nå 100 milliardar kroner innan utgangen av 2026.

Det langsiktige målet er at fondet skal ha ein kapital på 1 250 milliarder kroner.

Noreg si rolle blir å ha delt styreleiaransvar (co-chair) saman med Brasil, som tok initiativ til TFFF. Som delt styreleiar vil Noreg, samen med Brasil, i første omgang jobbe med å få etablert TFFF, og bidra til å mobilisere penger til fondet. Det vil ta nokre år før fondet gir avkasting.

FAKTA

Slik fungerer fondet

  • Pengane frå Noreg og andre givarar vil bli brukte til å hente ytterlegere pengar frå private investorar.
  • Deretter blir pengane plasserte i eit globalt fond som skal investere i ei brei portefølje av verdipapir.
  • Etter at investorane har fått sitt, skal meiravkastinga frå investeringane årleg delast ut til tropiske skogland som, ved hjelp av satellittbilder, demonstrerer at dei tek vare på regnskogen. Slik bli rdet frigjort pengar som går målretta til å halde fram med å ta vare på skogen.
  • Minst 20 prosent av desse pengane skal gå til urfolk og lokalsamfunn.
  • Målet er at det nye fondet på sikt klarar å hente til saman kring 1 250 milliardar kroner.
  • Fondet vil være ope for alle regnskogsland som tek vare på regnskogen sin.
Government of Norway published this content on April 17, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on April 17, 2026 at 11:38 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]