Government of Norway

06/30/2026 | Press release | Distributed by Public on 06/30/2026 04:41

Kinas utanriksminister besøkjer Noreg

Besøket gir høve til å drøfte bilaterale spørsmål og internasjonale saker der Noreg og Kina har felles interesser.

Noreg og Kina etablerte i 2024 ein dialog om grøn omstilling som skal styrkje samarbeidet om klima, miljø og grøn omstilling.

- Kina er ein viktig aktør i verda. Skal vi lukkast med å møte utfordringar som klimaendringar, naturtap og omstillinga til eit lågutsleppssamfunn, er samarbeid med Kina avgjerande. Det grøne partnarskapet gir ei viktig ramme for dette samarbeidet, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Utanriksminister Wang skal òg besøkje fleire andre nordiske land før noregsbesøket.

- Vi ser fram til å ta imot Kinas utanriksminister. I ei tid med aukande internasjonal uro er det viktig å ha ein open dialog om korleis vi kan bidra til å løyse konfliktar. Varige løysingar på kriser og konfliktar krev at også Kina er ein del av løysingane. Derfor er det positivt at vi kan ønskje utanriksminister Wang Yi velkommen til Noreg, seier Eide.

For meir informasjon om besøket, kontakt: [email protected]

Government of Norway published this content on June 30, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on June 30, 2026 at 10:41 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]