10/22/2026 | Press release | Distributed by Public on 10/22/2026 09:30
Fylkesutvalet i Vestland støttar planframlegget for E39 Ådland-Svegatjørn med fartsgrense på 100 km/t. Samtidig ber fylkesutvalet om endringar og avklaringar knytte til mellom anna natur, kulturminne, friluftsliv og øvingsområdet ved Os vidaregåande skule.
- E39 Vestlandsvegen er ryggrada langs kysten på Vestlandet, og vil knyte landsdelen tettare saman. Den statlege reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn markerer at den neste store innkortinga nærmar seg realisering. Hordfast er omstridd, og fylkesutvalet stiller krav for å møta omsyna til natur, kulturminne og lokalsamfunn langs traseen. Fylkesutvalet rår derfor til lågare fartsgrense som gir mindre naturinngrep og likevel ein motorveg med høg kapasitet, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet vedtok 22. oktober Vestland fylkeskommune sin høyringsuttale til den statlege reguleringsplanen for E39 Ådland-Svegatjørn.
Vegstrekka er ein del av den større satsinga på E39 Vestlandsvegen, som dei tre vestlandsfylka har gått saman om å arbeide for.
Fylkesutvalet støttar planframlegget med nedskalert H3-standard og fartsgrense på 100 km/t. Utvalet meiner løysinga gir ein balanse mellom framkomst, trafikktryggleik, kostnader og arealbruk.
Samtidig føreset fylkesutvalet at tilkoplingar til fylkesvegnettet blir avklarte i tett dialog med fylkeskommunen før bygginga startar. Utvalet stiller også krav til tilstanden på vegar og anlegg som fylkeskommunen eventuelt skal overta.
Fylkesutvalet peikar på dei store klimagassutsleppa som følgjer av inngrep i karbonrike naturområde som myr og regnskog. Utvalet ber om særleg merksemd på tiltak som kan redusere utsleppa gjennom utbyggingsfasen.
Fylkesutvalet er positivt til økologisk kompensasjon, det vil seie tiltak som skal vege opp for naturverdiar som går tapt ved å ta vare på eller restaurere natur andre stader. Samtidig meiner utvalet det er uavklart om kompensasjonen vil vere tilstrekkeleg, mellom anna fordi konkrete erstatningsareal enno ikkje er funne. Fylkesutvalet ber om at dette blir avklart før planen blir sett i verk.
Fylkesutvalet ber om tiltak som sikrar friluftslivsverdiane langs den nye vegtraseen. Det gjeld mellom anna tilrettelegging for ferdsel ved Røtinga i Bjørnafjorden og erstatningsareal for delar av friluftsområdet ved Ådlandsvatnet på Stord.
Fylkesutvalet meiner dessutan at 40 automatisk freda kulturminne ikkje er tilstrekkeleg sikra i planframlegget. Utvalet rår til at planen blir vedteken med vilkår om at planområdet blir utvida til å omfatte desse kulturminna, med tilhøyrande føresegner og krav om arkeologisk utgraving.
Utvalet ber også om at dei delane av Svarvahella kystfort på Reksteren som blir heilt eller delvis øydelagde, blir grundig dokumenterte før inngrep.
Fylkesutvalet ber om at reguleringsplanen blir justert slik at øvingsområdet for Vg2 Anleggsteknikk ved Os vidaregåande skule ikkje blir vesentleg redusert.
Dersom arealtap ikkje kan unngåast, føreset fylkesutvalet at det blir etablert eit fullverdig erstatningsareal i rimeleg nærleik til skulen. Eventuelle auka kostnader til transport, tilrettelegging og drift skal dekkjast av vegprosjektet.
Fylkesutvalet er positivt til at anleggskaia i Håkrevika ved Gjøvåg på Tysnes kan gjerast om til ferjekai mot Austevoll, og at anleggsvegen kan nyttast som framtidig fylkesveg.
Utvalet ber om at reguleringsplanen tek omsyn til eit mogleg framtidig ferjesamband, slik at veg og kai kan tilpassast dette.
Les heile høyringsuttalen: i sak PS/276/2026 - Uttale til statleg detaljreguleringsplan E39 Ådland-Svegatjørn. Forslag til vedtak vart vedteken, ved unntak av punkt 12, som fall.