03/28/2026 | Press release | Distributed by Public on 03/28/2026 08:13
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 7. april
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på markeringa av oppgraderinga av A-hallen på Hydro Husnes. Oppgraderinga gjer produksjonen meir effektiv og reduserer energiforbruket. Adresse: Onarheimsvegen 54, Onarheim.
Kl. 15.15: Statsministeren besøkjer ein ny ishall på Stord, der kommune, fylke og frivilligheita har jobba saman. Adresse: Vikahaugen 10, Stord.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post [email protected].
Onsdag 8. april
Kl. 18.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på «Ny kunnskap for et nytt Arktis»-konferansen til UiT i Oslo, eit nytt årleg arrangement i Oslo i regi av Norges arktiske universitet. Adresse: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post [email protected].
Laurdag 11. april
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på fylkesårsmøtet i Troms Ap.
Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post [email protected].