05/22/2026 | Press release | Distributed by Public on 05/22/2026 07:13
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Tysdag 26. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Hardanger og Voss. Mellom anna besøkjer han Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, Elkem Bjølvefossen og Hardanger frukt- og siderfabrikk på Lekve gard i Ulvik. Han gjer også eit kort besøk på heimplassen til diktaren Olav H. Hauge i Ulvik.
Journalistar som vil vere med på besøket hos Elkem Bjølvefossen må melde seg på til [email protected], telefon 56 55 08 00 innan tysdag 26. mai kl. 12.00.
Kl. 17.00: Statsministeren deltek på ope folkemøte på Voss, i regi av Voss kulturhus og Voss Arbeidarparti. Tema for folkemøtet er den urolege situasjonen internasjonalt og korleis det påverkar kvardagen til folk her heime i Noreg. Adresse: Voss kulturhus.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Onsdag 27. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Bergen der han besøkjer Søråshøgda skole, før han deltek på opninga av Festspela i Bergen.
Opningsseremonien går føre seg på Torgallmenningen og kan følgjast digitalt.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Veke 24
Tysdag 9. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Tallinn.
Tema for møtet er mellom anna sikkerheit og forsvarssamarbeid, utvikling av forsvarsindustrien, Ukraina-støtte og kunstig intelligens.
Presse som ønskjer å dekkje møtet finn lenkje til akkreditering på denne nettsida. Fristen for akkreditering er 22. mai.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Veke 28
Statsminister Jonas Gahr Støre, utanriksminister Espen Barth Eide og forsvarsminister Tore O. Sandvik deltek på Nato-toppmøtet i Ankara i Tyrkia 7. og 8. juli 2026.
Fristen for akkreditering til Nato er 7. juni. Søk om akkreditering her.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].
Pressekontakt for utanriksministeren er Ane Haavardsdatter Lunde, telefon 97 67 12 50, e-post [email protected].
Pressekontakt for forsvarsministeren er fungerande kommunikasjonssjef Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post [email protected].