09/03/2025 | Press release | Distributed by Public on 09/03/2025 03:06
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Onsdag 3. september
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stavanger og Haugesund. Han skal mellom anna besøke verftet Worley Rosenberg i Stavanger og delta på eit ope folkemøte i Haugesund.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post [email protected].
Torsdag 4. september
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek digitalt på eit toppmøte med Ukrainas støttespelarar, omtalt som «koalisjonen av dei villige».
Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg er på Universitetet i Bergen og snakkar om trygg økonomisk styring og norsk utanrikspolitikk i ei uroleg tid. Adresse: Universitetsaulaen ved Universitetet i Bergen.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
På ettermiddagen er statsministeren i Kristiansand.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].
Fredag 5. september
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Oslo/Akershus.
Kl. 10.00: Statsministeren har ein statsministerduell mot Framstegspartiet sin leiar, Sylvi Listhaug, på utestedet Håndverkeren i Oslo.
Pressekontaktar er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Andreas Høglund, telefon 94 37 31 26, [email protected].
Laurdag 6. september
Statsministeren er til stades på konserten til Åge og Sambandet på Lerkendal stadion.
Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post [email protected].