04/17/2026 | Press release | Distributed by Public on 04/17/2026 00:09
Marianne Sivertsen Næss besøker 21.-22. april den største sjømatmessa i verda, Seafood Expo Global i Barcelona.
- I ei tid med aukande uro i verdshandelen blir møteplassar som Seafood Expo Global endå viktigare. Her får norsk sjømatnæring vist styrken sin, samtidig som vi byggjer relasjonar som er viktig for marknadstilgang framover, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Totalt eksporterte Noreg 2,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 181,5 milliardar kroner i 2025. Det er ein auke på 6,4 milliardar kroner, eller 4 prosent, samanlikna med 2024. Målt i verdi var 2025 dermed eit rekordår.
- Norsk sjømat har eit sterkt omdømme internasjonalt. På sjømatmessa får vi vist fram kvaliteten, berekrafta og innovasjonen i næringa, og styrkt Noreg si rolle som ein leiande sjømatnasjon, seier Næss.
Fiskeri- og havministeren skal vere på messeområdet store deler av dagen tysdag 21. april. Her skal ho besøkje mange av dei norske utstillarane. Ho vil også møte ulike ministerkollegaer.
Statsråden sitt program
Tysdag 21. april
Onsdag 22. april
Kontakt
Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte pressekontakt David Berg Tvetene på +47 472 72 769 / [email protected]