11/10/2026 | Press release | Distributed by Public on 11/10/2026 04:00
Datatilsynet har vedteke å gi eit overtredingsgebyr på 10 000 kroner til ein privatperson for brot på kravet til rettsleg grunnlag i personvernforordninga.
Datatilsynet mottok ein klage frå ein person som var blitt kredittvurdert av ein privatperson. Privatpersonen hadde gjennom verksemda si tilgang til ei kredittopplysningsteneste, og hadde brukt tenesta til å kredittvurdere klagaren for private føremål. Opplysningar frå kredittvurderinga vart deretter publisert i ulike Facebook-grupper.
Vi har konkludert med at kredittvurderinga vart gjort for private føremål, og ikke i relasjon til verksemda til personen som klagen gjaldt. Datatilsynet har difor vurdert at verken kredittvurderinga eller publiseringa av opplysningane, hadde rettsleg grunnlag etter personvernforordninga.
På bakgrunn av dette har vi fatta eit vedtak om at privatpersonen må betale eit overtredingsgebyr på 10 000 kroner for den ulovlige kredittvurderinga og publiseringane.
Datatilsynet har ikkje motteke klage på vedtaket innan klagefristen.