06/11/2026 | Press release | Distributed by Public on 06/11/2026 04:16
Dei nordiske ministrane med ansvar for mat og skogbruk møttest onsdag i Tórshavn på Færøyane. På agendaen stod beredskap innan matforsyning og reduksjon av matsvinn.
- Sektorane våre har mykje å bidra med i ein beredskapssamanheng: både mat og drikke frå hav og land, bioenergi, og infrastruktur som kan vere avgjerande i krisetider. Slik den geopolitiske situasjonen er no er det særleg viktig at Noreg er med og støttar opp om slike nordiske initiativ, seier statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg (Ap).
I 2024 signerte dei nordiske ministrane for fiskeri, jord- og skogbruk og mat Karlstad-deklarasjonen. Føremålet med den er å styrkje samarbeidet om kriseberedskap og forsyningssikkerheit, eit område som stadig har auka relevans som følgje av den geopolitiske situasjonen. På onsdagens møte etablerte ministrane eit nordisk partnarskap for matforsyningsberedskap som ei oppfølging av deklarasjonen. Dette vil bidra til styrkt koordinering mellom dei nordiske landa på området, og vil kunne vere eit nettverk for informasjonsutveksling og for å utvikle ei felles situasjonsforståing.
Redusere matsvinnet
På agendaen var òg diskusjon av utfordringar og løysingar for å redusere matsvinnet i Norden. Aktørar frå matbransjen var òg inviterte. Blant dei var Mette Nygard Havre, matreddar-general i Q-meieriene, som la fram ti punkt for å kaste mindre mat. Det vert òg arbeidd med å etablere ein nordisk datomerkingskoalisjon som skal bidra til å auke bruken av «best før, ofte god etter»- merking.
- Me har framheva Noreg si nye matsvinnlov og revisjon av bransjeavtalen som døme på kva me gjer mot matsvinn innan 2027, og me har hatt gode drøftingar om korleis me saman kan nå måla våre på dette område, seier Stegegjerdet Norberg.
Representantar for fiskeri og havbruk, jordbruk, matvarer og skogbruk frå regjeringar i Noreg, Sverige, Finland med Åland, Island, Danmark, Grønland og Færøyane har vore samla på øygruppa. Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Anette Stegegjerdet Norberg, og statssekretær Kristina Sigurdsdóttir Hansen frå Nærings- og fiskeridepartementet representerte Noreg i møtet.
Noreg tar over formannskap i 2027
Formannskapet for Nordisk ministerråd går på rundgang mellom landa, og i 2027 er det Noreg sin tur til å ha formannskapet. Landbruks- og matdepartementet orienterte om dei førebelse planane for norsk formannskap, der vidare styrking av nordisk beredskap og Norden sin felles visjon om berekraft, integrering og konkurransekraft vil vere blant prioriteringane.
- Vi ser fram til å ta over stafettpinnen frå Danmark som formannskap for det nordiske ministerrådet i 2027 og arbeide vidare for eit styrkt samarbeid mellom dei nordiske landa, seier Stegegjerdet Norberg.
Nordisk ministerråd (NMR) er dei nordiske regjeringane sitt offisielle samarbeidsorgan. Medlemane i NMR er dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. I tillegg er Færøyene, Grønland og Åland representert.
Nordisk råd er det parlamentariske organet for det offisielle nordiske samarbeidet og består av 87 parlamentarikarar. Sametinga i Noreg, Finland og Sverige, samt Ungdommens nordiske råd har observatørstatus.