Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

09/26/2025 | Press release | Distributed by Public on 09/26/2025 06:54

Presseinformasjon: Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 40

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 40, 2025.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Torsdag 2. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på nordisk-afrikansk møte i Zimbabwe. Stad: Victoria Falls, Zimbabwe.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 3. oktober

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på nordisk-afrikansk møte i Zimbabwe. Stad: Victoria Falls, Zimbabwe.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Åsmund Aukrust

Tysdag 30. september

Kl. 08.30: Utviklingsminister Åsmund Aukrust deltek i ein panelsamtale om utviklings- og klimapolitikk etter valet, arrangert av Kirkens Nødhjelp. Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 2. oktober

Kl. 10.00: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har eit møte med vaksinealliansen Gavi sin administerande direktør, Sania Nishtar. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.15: Utviklingsminister Åsmund Aukrust har eit møte med vaksinealliansen Gavi og Det globale fondet for bekjemping av aids, tuberkulose og malaria (GFATM). Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.30: Utviklingsminister Åsmund Aukrust held eit innlegg på seminaret "Norway, GAVI, and the Global Fund's Role in Reforming the Global Health Architecture under the Lusaka Agenda", arrangert av SUSTAINIT - Enhet for bærekraftig helse, Universitetet i Oslo, i samarbeid med UD. Stad: Domus Bibliotheca, UiO - Campus Sentrum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Tysdag 30. september

Kl. 19.00: Statssekretær Maria Varteressian deltek i ein panelsamtale om Noregs rolle i ei verd prega av krig og kriser, arrangert av Deichman bibliotek, tankesmiene Minotenk, Civita og Tankesmien Agenda. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Onsdag 1. oktober

Kl. 09:30: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik skal møte Leger uten Grenser og ta imot underskrifter med krav om at regjeringa må gjere meir for å beskytte folkeretten. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Stine Renate Håheim

Torsdag 2. oktober

Kl. 10.15: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med vaksinealliansen Gavi og Det globale fondet for bekjemping av aids, tuberkulose og malaria (GFATM). Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12:30: Statssekretær Stine Renate Håheim deltek i ein panelsamtale på seminaret "Norway, GAVI, and the Global Fund's Role in Reforming the Global Health Architecture under the Lusaka Agenda", arrangert av SUSTAINIT - Enhet for bærekraftig helse, Universitetet i Oslo, i samarbeid med UD. Stad: Domus Bibliotheca, UiO - Campus Sentrum.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway published this content on September 26, 2025, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on September 26, 2025 at 12:55 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]