10/24/2025 | Press release | Distributed by Public on 10/24/2025 09:47
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2025.
Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 27. oktober
Kl. 14.00: Utanriksminister Espen Barth Eide møter Palestinsk Raude Halvmåne. Stad: Raude Kors, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Utviklingsminister Åsmund Aukrust
Måndag 27. oktober til onsdag 29. oktober
Nordisk samarbeidsminister Åsmund Aukrust deltek på Nordisk råds sesjon. Stad: Stockholm, Sverige.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Torsdag 30. oktober
Kl. 10.00. Utviklingsminister Åsmund Aukrust har besøk av ein skuleelev i samband med Operasjon Dagsverk (OD). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Stine Renate Håheim
Torsdag 30. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Stine Renate Håheim har eit møte med Laura Frigenti, administerande direktør for «Global Partnership for Education» (GPE). Stad: UD, Oslo.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.