07/24/2026 | News release | Distributed by Public on 07/24/2026 01:43
Ekstrem varme er no den viktigaste årsaka til dei alvorlege tørkeperiodane Europa opplever. Menneskeskapte klimaendringar gjer at jorda tørkar raskare ut, sjølv i område der nedbøren ikkje har blitt vesentleg mindre, seier ny studie.
Sommaren 2026 har til no vore prega av langvarige hetebølgjer og tørke mange stader i Europa. Konsekvensane er allereie store: avlingssvikt, skogbrannar, låge vassføringar i elvar og utfordringar for energiproduksjon.
Også i Noreg har vi erfart kor raskt ein varm sommar kan utvikle seg til alvorleg tørke. Sommaren 2018 førte langvarig varme og lite nedbør til rekordlåg jordfukt, avlingssvikt og stor skogbrannfare fleire stadar i landet.
Klimaforskar Julia Lutz meiner den nye studien viser kvifor slike hendingar blir meir alvorlege i eit varmare klima.
- Vi ser no at klimaendringar ikkje berre handlar om mindre regn om sommaren, men òg om korleis høgare temperaturer gjer at landskapet tørkar raskare ut. Det som før var ein tørr sommar, kan no utvikle seg til alvorleg tørke.
Klimaforsker Julia Lutz ved Meteorologisk institutt. Foto: Anniken Sanna/MET.
Den nye studien frå World Weather Attribution (WWA) viser at den viktigaste forklaringa ikkje nødvendigvis er mindre nedbør, men at høgare temperaturar får meir vatn til å fordampe frå jord, elvar og innsjøar.
Forskarane analyserte nedbør, jordfukt og det som blir kalla potensiell evapotranspirasjon (PET), som er eit mål på kor "tørst" atmosfæren er, eller kor stor evne lufta har til å trekke til seg fukt.
Studien peikar på at den ekstra varmen gjer at sjølv periodar med moderat nedbørsmangel kan utvikle seg til alvorleg tørke.
Resultata viser ei stor auke i fordamping frå bakke til luft, og ei auka risiko for tørke innan jordbruk.
Tradisjonelt har tørke først og fremst vore knytt til mangel på regn. Studien viser at dette bildet er i endring. Europa sitt klima endrar seg raskt. Nedbørsmønstra varierer framleis, men funna viser at ekstrem varme er no den viktigaste drivaren bak tørke på kontinentet.
Studien peikar på at varmare luft aukar fordampinga frå jord, innsjøar og elvar, slik at vatnet forsvinn raskare enn tidlegare. Dermed blir tørken meir alvorleg, sjølv når nedbørsmengdene ikkje endrar seg mykje.
Ifølgje forskarane av studien kan kombinasjonen av tørke og ekstrem varme føre til lågare matproduksjon, lågare vassføring i elvane og utfordringar for energiforsyning og transport. Dette kan igjen bidra til høgare prisar på mat og energi og råke dei mest sårbare hushalda hardast.
Studien peikar òg på at dersom den globale oppvarminga held fram mot om lag 2,8 grader, kan slike varme- og tørkeforhold bli om lag dobbelt så sannsynlege som i dag.
Også i Noreg kan høgare temperaturar endre korleis tørke utviklar seg.
- Kombinasjonen av ekstrem varme og tørke er ein trugsel som ikkje berre påverkar matproduksjon, men også energiproduksjon som er avhengig av vatn og aukar faren for skogsbrann. Dette er ei utfordring vi må ta på alvor.
Tradisjonelt har tørke først og fremst blitt knytt til lange periodar utan nedbør. Men eit varmare klima gjer at meir vatn fordampar frå jord og vegetasjon. Dermed kan ein oppleve tørke raskare enn tidlegare, sjølv om nedbørsmengdene ikkje nødvendigvis blir mykje lågare.
- Studien understrek alvoret i menneskeskapte klimaendringar som vil få store konsekvenser for natur og samfunn viss vi ikkje reduserar utslepp raskt. I motsett fall vil desse episodane med ekstrem varme og tørke bli vanlegare.
Konklusjonen frå studien er at menneskeskapte klimaendringar gjer tørke meir alvorleg, først og fremst fordi høgare temperaturar aukar fordampinga.
Vitskapleg studie: https://spiral.imperial.ac.uk/entities/publication/1ec6813c-972f-4c93-a845-b10311b5cd39
Potensiell evapotranspirasjon (PET) er eit mål på kor mykje vatn atmosfæren kan fordampe dersom det er nok vatn tilgjengeleg.
Når temperaturen stig, aukar denne "etterspurnaden" etter vatn. Det betyr at jord, planter og vassdrag tørkar raskare opp, noko som kan forsterke tørke sjølv utan store endringar i nedbøren.