09/22/2025 | Press release | Distributed by Public on 09/22/2025 06:08
Statssekretær Hanne-Berit Brekken deltok torsdag på landbruksministermøtet i G20 i Cape Town i Sør- Afrika.
- Dette er første gong at eit landbruksministermøte i G20 finn stad i Afrika. Eg vil rose det sørafrikanske presidentskapen for ein solid innsats med å leie arbeidet. Særleg vil eg trekke fram presidentskapen sitt fokus på den sentrale rolla som unge og kvinner spelar i landbruket globalt. Dette er avgjerande for å betre matsikkerheit og ernæring og for ei berekraftig utvikling i landbrukssektoren, seier statssekretær Hanne- Berit Brekken i Landbruks- og matdepartementet.
Fleire saker har vore viktige for Sør-Afrika under presidentskapen deira. Behov for auka investeringar i teknologi og innovasjon, unge og kvinners rolle i matsystemet er berre nokre av temaa som har vore sentrale. Det har òg vore viktig for sørafrikanarane å ta opp tema som prisstabilitet, velfungerande globale handelssystem, og reduksjon av sårbarheit i verdikjeda som følgje av klimaendringar og ei meir uroleg verd.
- Dei store utfordringane landbruket står overfor globalt kan berre løysast gjennom multilateralt samarbeid og implementering av globale avtaler og rammeverk. Gjennom Noregs gjestelandsrolle i G20, kan vi støtte aktivt opp om dette i ei tid der det multilaterale samarbeidet er under press. For Noreg er det viktig å fremje løysingar som styrker familielandbruket og den heilskaplege berekrafta i jordbruket, seier Brekken.
G20-arbeidet i år har vore prega av auka polarisering. Resultatet frå ministermøtet for landbruk vart derfor berre ei oppsummering frå formannskapet, og medlemslanda oppnådde ikkje konsensus rundt grunnleggande tema som klima, biomangfald og likestilling.
Statssekretær Brekken deltok også på ministermøtet i G20 for matsikkerheit fredag. Hovudtemaet for møtet var det aukande antalet av folk som blir råka av svolt og underernæring og naudsynte tiltak for å snu utviklinga. Noreg understreka retten til mat som ein grunnleggande menneskerett. Framgang i å inkludere berekraftig fiskeri og akvakultur på G20-agendaen, inkludert arbeid mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske, var òg viktig på møtet.
Under opphaldet i Sør-Afrika nytta Brekken også høvet til bilaterale møte. Ho hadde møte med Sør-Afrikas landbruksminister, Brasils minister for familielandbruk, delegasjonsleiarar frå Tyskland, Frankrike og utviklingsbanken for landbruk, IFAD.