Ministry of Petroleum and Energy of the Kingdom of Norway

03/13/2026 | Press release | Distributed by Public on 03/13/2026 09:39

Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 12

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 16. mars

Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet.

Tysdag 17. mars

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Fredag 20. mars

Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland besøkjer Herøya, der han skal ha møte med prosessindustrien i Grenland. Besøket skulle vore gjennomført i februar, men vart utsett. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Måndag 23. til torsdag 26. mars

Energiminister Terje Aasland er i Houston i USA, der han skal delta på konferansen CERAWeek. Dette er ein av dei store energikonferansane i verda, særleg for olje- og gassindustrien. Presse som ønskjer meir informasjon om reisa kan kontakte kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post [email protected].

Onsdag 8. april

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland tek mot rapporten frå Kjernekraftutvalet. Rapporten tek for seg kjernekraft som mogleg energikjelde i Noreg. Påmeldingsfristen for presse er 7. april kl. 16.00. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Ministry of Petroleum and Energy of the Kingdom of Norway published this content on March 13, 2026, and is solely responsible for the information contained herein. Distributed via Public Technologies (PUBT), unedited and unaltered, on March 13, 2026 at 15:39 UTC. If you believe the information included in the content is inaccurate or outdated and requires editing or removal, please contact us at [email protected]